Ullensvang og Flyt - ein digital odyssé
Ullensvang kommune ligg vakkert til ved Hardangerfjorden. I tillegg til si naturlege skjønnheit kan vestlandskommunen skryte av lang og solid erfaring med fagsystem levert av Visma Flyt. Difor fall det oss naturleg å søkje mot vest for å dra nytte av erfaringane deira, og eit logisk angrepspunkt for denne ferda fann vi i Eva Rekkedal. Rekkedal er mangeårig rektor, konstituert verksemdsleiar for Digitale tenester i kommunen samt systemansvarleg for Flyt-produkta innan Oppvekst.
“For meg har det vore ei digital reise,” fortel Eva Rekkedal, “eg har kunna bygge kunnskap steg for steg etter kvart som nye system har kome til. For meg som lærar starta reisa alt tilbake i 2006-2007, då Kunnskapsløftet definerte digitale ferdigheiter som ein del av opplæringa.”
Rekkedal var blant dei som entusiastisk kasta seg på digitaliseringsbølgja, men på den tida då ho var ein av pionerane, var digitalisering som omgrep enno ikkje i vanleg bruk. Løysingane var heller ikkje skybaserte, men såkalla on-prem, altså programvare installert lokalt.
I 2014 blei det klart at Ullensvang skulle skaffe eit skybasert system, og etter kvart fall valet på Visma Flyt skule. Rekkedal var rektor den gongen.
Les om digitalisering i kommunane
Utvikling er krevjande
“Eg hugsar at dette var eg ikkje fornøgd med! Eg hadde jo sete med eit gamalt system i alle år. Der kjente eg kodane, forsto kva som skjedde og kvifor, og så kom dette nye systemet med alt det innebar. Men eg visste jo at utvikling gjer vondt. Så gjekk det nokre månader, eg gjekk på eit kurs, og då løyste det seg. Noko som delvis skuldast at
vi på dei fem skulane blei veldig godt ivaretekne av dåverande IKT-rådgjevar oppvekst.”
I 2020 blei Odda, Jondal og Ullensvang Herad slått saman til Ullensvang kommune. “Slike samanslåingar krev masse,” understrekar Eva Rekkedal. “Gamle system skal skrotast, andre skal inn”. Rekkedal måtte redusere rektorstillinga i skuleåret 2017-2018 for å ta over jobben som IKT-rådgjevar oppvekst for den nye kommunen, og jobben blei på fulltid frå
hausten 2018.

“Møtet med konsulentane har så stor verdi for meg som kunde.”
Eva Rekkedal
Konstituert verksemdsleiar for Digitale tenester
Hausten 2018 fekk kommunen Flyt Barnehage. Det blei ei rein digital overlevering, noko som ifølgje Rekkedal var ei openberring. “Med elektronisk overføring hadde vi alltid materialet tilgjengeleg. Det same gjaldt Vismas konsulentar, for dei er så på. Vi hadde mange møte med dei.”
Ullensvang går all in!
“Vi bruker ganske mykje av funksjonaliteten i Visma Flyt skule,” fortel Rekkedal. “Det som fanst då vi kom med, for ti år sidan, er jo sidan blitt bygd på med mykje nytt.”
Fakta Ullensvang kommune:
- Nyttar modulane Timeplan, Søknader, Digitale skjema, KS svar ut, SFO tilstedeværelse
- Har integrasjonar mot VF Timeplan, Sikker Sak, Folkeregisteret Arkiv, Visma BI
- Har i tillegg til Flyt skule og fagsystema Flyt Barnehage og Flyt Samspel
Samla og sømlaust
Kommunen er definitivt å betrakte som storkonsument av Flyt sine produkt.
“Før vi fekk Flyt Sikker Sak, valde vi som ei naudløysing å skrive sensitiv informasjon i Flyt Skule, men med ein gong vi fekk Flyt Sikker sak, i 2021, tok vi det i bruk, slik at Flyt Skule no er tilbake til eit meir administrativt system,” fortel Eva Rekkedal.
I 2020 anskaffa Ullensvang Flyt Timeplan. “Sjølv om kommunesamanslåing kravde mykje, valde vi å prioritere implementeringa av Flyt timeplan i alle kommunane, i og med at den er såpass bra,” seier Rekkedal. “Vi har også fått ei samla løysing for arkiv, noko som er supert. Vi har dessutan oppslag mot Folkeregisteret, og det gjer alt sømlaust.”
“Då vi fekk appen, kunne vi slå av SMS-løysinga, men vi har beholdt beredskapen, og den blir faktisk brukt ein del, for vi har mykje ras og vegproblematikk, spesielt mykje dei siste tre åra.”
I skuleappane har Ullensvang aktivert alt, bortsett frå publisering av karakterane. Eva Rekkedal understrekar kor brukervennlege appane er: “Føresetteportalen er no felles med Flyt Barnehage, noko som er veldig kjekt. Då slepp føresette å logge seg inn fleire stader. Tilsett-appen er veldig praktisk å bruke, til dømes ved henting av barn i SFO, som regel vert dei henta ute i skulegarden, då har dei tilsette appen for handa.”
“Visma tenkjer jo veldig heilskapleg, de tenkjer på innbyggjarane og brukarane.”
Ullensvang har vald å legge vaksenopplæringa inn i Flyt Skule, noko som skuldast at kommunen har teke imot mange flyktningar. “Vi ville bruke det som arbeidsplan for lærarane, ved å tilpasse og tråkle det litt til" fortel Rekkedal, "medan elevane får både FEIDE-id og skule-google-konto automatisk ved å liggje i Flyt Skule.
Sannsynlegvis er det nok ikkje fyrste gongen denne ressurspersonen med si solide erfaring innan IT og skuleadministrasjon både tråklar, klipper og syr for å få løysingar til å passe kommunen sine behov, tenkjer vi.
Ho følgjer opp med å konkretisere: “Timeplansystemet følgjer jo lovverket, lærarane får det dei har krav på, ingen får fri og ingen jobbar gratis.”
“Eg vil jo ha alt i mi verd skybasert.”
På spørsmål om korleis ho ser for seg arbeidet framover, seier ho fylgjande: “Eg kunne godt tenke meg den nye Vaksenopplæringsmodulen, i og med at vaksenopplæring ligg under mitt område. No nærmar vi oss tida der eg skal foreslå prosjektkandidatar for neste skuleår, og eg har venta lenge på den skyløysinga der. Men det er politikarane som bestemmer kor mykje pengar vi får til slikt.”
Her må vi legge til at utviklinga med den nye vaksenopplæringsmodulen held fram for fullt, så Rekkedal og andre har mykje å sjå fram til.
Beslekta system gjev synergieffekt
“Når ein skaffar eit nytt system frå ein leverandør av løysingar ein har frå før, kjenner ein jo alt mykje av brukargrensesnittet,” fastslår Eva Rekkedal. “Dette går også på tvers av sektorar, for innan kommunen heng mykje saman.”
Rekkedal brukar Flyt Sikker Sak som døme. Sikker Sak Skule og barnehage er same “programmet” som både PPT (nytta frå før) og som barnevernet vårt nylig har innført. “Her har vi i skule tidlegare henta vi inn samtykke på vegne av PPT, men no har dei og slått på den innebygde signeringsløysinga og innhentar eigne samtykkjer”.
Rekkedal vart også involvert då Brann og Redning implementerte Flyt Ressursstyring i haust (som er på
same klient som Flyt Timeplan) Ho deltok på systemadministratorkurs saman med Brann og Redning (og HR-Lønn). "Systemadministratorane kan fag og alt det, men eg kan jo det tekniske. Slik synergi er gull verdt, for det tyder jo at ein liten kommune faktisk kan ha ein einskild person som systemansvarleg for ulike fagområde.”
Ullensvang kommune har ein energisk, dyktig og engasjert ressurs i Eva Rekkedal. Med tanke på alle prosjekta ho er involvert i, takkar vi for at ho faktisk prioriterte å bruke tid på oss. Svaret hennar er som følgjer: “Det går heilt fint, eg fekk jo snakke masse om alt det eg elskar!”
Har du spørsmål om produkta våre, tenesta våre, eller treng rettleiing, ikkje nøl med å ta kontakt med oss.